Hei, Håvard her! Eg kjøpte mitt første speilreflekskamera i 2008 og sidan då har interessa for natur- og fjellsportfotografering utvikla seg raskt. Mitt geografiske området er på Sunnmøre og arkivet inneheld bilete frå det ytste skjær til den høgste tind, frå alle døgnets tider året rundt.

 

Ein aktiv livstil og interesse for fjell og natur pregar motivutvalet og gjer at eg kan tilby alt frå reine natur- og landskapsbilete til fjellsportmotiv innan ski, løping, klatring, fotturar og padling. Eg kan tilby sal av bildefiler eller ferdige bildeprodukt til ulike føremål som reiseliv, reklame, magasin, markedsføring, trykksaker eller utsmykking til bedrifter og private. Det hender også at eg leverer artiklar og bilder til magasin eller aviser.

 

I tillegg til sal av bildeprodukt og bildefiler er eg også open for oppdrag. Om det er interessant tek eg også på meg å gaide vennepar, turistar, lag frå bedrifter - naturlegvis med kameraet i handa for dokumentering av turen. 

 

I 2015 var eg fotograf til boka «Toppturar i Sunnmørsalpane» i samarbeid med tekstforfattar Stig Helset og Fri Flyt forlag.

 

Til dagleg jobbar eg som prosjektleiar i Flexi-Tak AS i Ørsta.

 

Ta gjerne kontakt for spørsmål, så skal eg forsøke å hjelpe deg så godt eg kan. 

 

Fjellfotografen