Håvard Myklebust: Blog https://www.havardmyklebust.com/blog en-us (C) Håvard Myklebust (Håvard Myklebust) Mon, 16 Mar 2020 07:34:00 GMT Mon, 16 Mar 2020 07:34:00 GMT https://www.havardmyklebust.com/img/s/v-12/u875767487-o433142142-50.jpg Håvard Myklebust: Blog https://www.havardmyklebust.com/blog 90 120 Turtips - Februar https://www.havardmyklebust.com/blog/2019/2/turtips---februar - Rotsethornet i morgon?

- Rotsethornet? På ski?! Kva er greia? 

- Kortreist morro, sol og bratt skogskøyring. Høyrast vel greit ut det inn i mellom andre plikter?

- I'm in!

Vi har akkurat runda januar og februar starta godt; kaldt, god snø og fine meldingar. Sola står høgre allereie og ein kan kjenne ho byrjar å varme. Etter nokre varierande dagar med snøfall og trassig vind slo laurdag 3.februar til med sol frå blå himmel etter ei forbigåande snøbyge på morgonkvisten.

Eg melda eit par karar kvelden før og planen var ein heller uvanleg skitur til Volda sitt mest elska og forhatte fjell - Rotsethornet. Med sine 649 moh og Hufsa-liknande fasong er det verken særleg høgt eller blikkfengjande blant meir kjende majestetar i nabolaget på Sunnmøre. Likevel er det på sommaren eit av dei mest vitja fjella i området av dei lokale, då som oftast via Kalsethola og opp den stupbratte bjørkaskogen via Aksla.

Ein anna kompis skal ha æra for å ha sjekka ut forholda dagen i forvegen, og forsikra meg om at dette ikkje kunne bli ein bomtur. Vi følgde ein skogsveg frå Nymarka inst i Vassbotn via ei anna sommarrute til fjellet i Lisjedalen og over Instehornet. 

Om turen let seg kvalifisere til å hamne innanfor permane til skiboka "Toppturar i Sunnmørsalpane 2" gjenstår å sjå, men turfølget var vertfall samde om at turen både overraska og gav valuta for sveittedropane.

Så om du har lyst på ein tur litt utenom det vanlege, er lei av å gå i kø på Melshornet, men samtidig ønsker artig skiterreng og god utsikt - ja då er Rotsethornet kanskje verdt eit forsøk?

 

Rotsethornet (649 moh.)

Frå Rotevatnet

Artig kuriositet som er heller uvanleg å vitje på vinterstid. Nedkøyringa går i kuppert og til tider flott terreng, men har ei avslutning i bratt bjørk- og granskog som krev at ein meistrar skiutstyret sitt. Eit godt alternativ dersom du ønsker ein tur litt utenom det vanlege.

Tid: 2-3 timar.            

Lengd: 4 km.

Stigning: 650 meter.

Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Orienteringsvanskar på toppen ved skodde eller snødrev. Eit kort parti med bratt skog. Skredfaren er liten om du følgjer den nedanfor skildra ruta opp og ned.

Vegval: Ta av frå rundkjøringa i Volda retning Vikebygda og ta av ved skilt Vassbotn/Golfbane. Følg vegen til endes, parker med omhu (gang/sykkelsti rundt Rotevatnet passerer her). Følg no vegen som går rundt vatnet og ta av opp ein skogsveg i retning Litledalen og følg deretter skilta til sommarruta som går oppover søraustryggen heile vegen til toppplatået, som strekkjer seg endå ein kort kilometer nordover over Instehornet mot toppvarden. 

Nedkøyring: Følg same veg nedatt i slakt og etter kvart kuppert terreng. Dette gir fin-fin krusing, både i puddersnø tidleg på vinteren og i kornsnø utpå vårparten. Eit bratt parti i skogen kan by på utfordringar ved hard snø. Det kan vere freistande å ta av tidlegare ned på veg tilbake, men dette kan ikkje tilrådast då skogen endar i bratte hamrar og stup.

 

Rotsethornet-3Rotsethornet-3

Rotsethornet-7Rotsethornet-7

Rotsethornet-14Rotsethornet-14

Rotsethornet-20Rotsethornet-20

Rotsethornet-24Rotsethornet-24 Rotsethornet-30Rotsethornet-30

Rotsethornet-32Rotsethornet-32 Rotsethornet-40Rotsethornet-40 Rotsethornet-38Rotsethornet-38

Sjå fleire bilder frå turen her: Skibilder

God tur!

-Fjellfotografen-

 

]]>
(Håvard Myklebust) https://www.havardmyklebust.com/blog/2019/2/turtips---februar Sun, 03 Feb 2019 22:53:22 GMT
Turtips - Januar https://www.havardmyklebust.com/blog/2019/1/turtips---januar Startar det nye året med eit aldri så lite turtips for januar. Turen som er utvalgt er Sunndalsnipa som ruvar over Sunndalen når du køyrer innover mot Austefjorden frå Volda. Turskildringa og nokre av bilda finn du att i turboka Toppturar i Sunnmørsalpane som underteikna har vore med å laga. Her får du enno fleire bilete som kanskje kan vere med å lokke deg avgårde nettopp på denne flotte turen tidleg på vinteren når sola står lågt på himmelen.

Legg gjerne igjen ein kommentar dersom du ønsker fleire turtips i tida framover:)

 

Toppturar i Sunnmørsalpane, s.214:

4.1 Sunndalsnipa (1396 moh.)

Frå Grøndalen

Fjellet byr på ein nokså lang, men slakk skitur i skredtrygt terreng. Nedkøyringa går i kuppert og flott terreng, med avslutning i open lauvskog. Eit godt alternativ tidleg på vinteren.

Tid: 3 timar.            

Lengd: 5 km.

Stigning: 1000 meter.

Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Orienteringsvanskar langs toppryggen ved skodde eller snødrev. Skredfaren er liten om du følgjer den nedanfor skildra ruta opp og ned.

Vegval: Følg E39 frå Volda langs Austefjorden og vidare inn til Kalvatn. Ta her høgre mot Osdalen og vidare opp den heilårsopne vegen opp bakkane til Grøndalssætra. Gå no nordover i open lauvskog til Lisjevassdalen og følg deretter søraustryggen heile vegen til toppplatået, som strekkjer seg endå ein kilometer nordover mot toppvarden. Hald deg heile vegen nær midten av platået, slik at du ikkje hamnar utfor dei bratte veggene i vest og aust!

Nedkøyring: Følg same veg nedatt i slakt og etter kvart kuppert terreng. Dette gir fin-fin krusing, både i puddersnø tidleg på vinteren og i kornsnø utpå vårparten.

SunndalsSunndals                                                 Ruta opp frå Grøndalen.

Sunndalsnipa-3Sunndalsnipa-3 Sunndalsnipa-17Sunndalsnipa-17 Ein strålande januarformiddag.

Sunndalsnipa-18Sunndalsnipa-18 Vegard Hundsnes, Espen Aam og Olav Vartdal Viddal på veg ut av skogen. Grøndalsvatnet bak.


Sunndalsnipa-6Sunndalsnipa-6 Telemark - Ein døyande sport? Sunndalsnipa-7Sunndalsnipa-7 Silkeforhold...

Sunndalsnipa-20Sunndalsnipa-20 Ruta følger søraustryggen til høgre. Returen følger same vegen ned eller ei meir direkte mot dalen. Ein solrik tur.

Sunndalsnipa-22Sunndalsnipa-22 På veg oppover sørausryggen ser ein mot den skyggelagde Skjåstaddalen. Risenosa tronar over den, Storhornet 1600 moh er den høge avrunda kulen.

Sunndalsnipa-24Sunndalsnipa-24 Nesten oppe på flata.

Av omsyn til lysforholda og andre ærend droppa vi turen til varden bortetter den halvannen kilometerlange toppflata.

Sunndalsnipa-25Sunndalsnipa-25 Olav Vartdal Viddal i elegant telemarkstil ned sørsida. Fjellet Hattemakaren til venstre i bildet.

Sunndalsnipa-26Sunndalsnipa-26 Telemarkleik ned frå Sunndalsnipa.

Sunndalsnipa-27Sunndalsnipa-27 Skogen byr også opp til leikent skiterreng. Det kan vere vel så fint å ta turen hit ein dag snøen lavar ned og sikta er låg.

Sunndalsnipa-28Sunndalsnipa-28 Creme de la creme?

Ønsker du å sjå bilder frå ein anna tur? Legg igjen ein kommentar under då vel? :)

- Fjellfotografen -

]]>
(Håvard Myklebust) Devold Grøndalen Januar Sunndalsnipa Sunnmøre Telemark Topptur Volda https://www.havardmyklebust.com/blog/2019/1/turtips---januar Thu, 03 Jan 2019 20:27:25 GMT
Godt nytt (tur)år! https://www.havardmyklebust.com/blog/2018/12/godt-nytt-tur-r Då er vi på tampen av 2018 og Fjellfotografen ser tilbake på mange flotte turar og minner frå 2018. Dette mykje takka vere gode venar som har vore med på å gjort turen til noko meir. Eg let bilda tale for seg. 


Post 2-4Strålande forhold på Strandafjellet Skisenter med Olav Viddal og Karsten Gefle.Strålande forhold på Strandafjellet Skisenter med Olav Viddal og Karsten Gefle. Strålande forhold på Strandafjellet Skisenter med Olav Viddal og Karsten Gefle.
 

Post 2-5Post 2-5                                                          Frå ein kjapp solotur til Kolåstinden i februar på raskt utstyr for å rekke solnedgongen.

Post 2-6Post 2-6 I mars var underteikna, Sindre Rudi og Stig Helset på ein såkalla rask topptur på Sunnmøre. 

Målet var ein rundtur i fjella kring Standalseidet i Ørsta kommune, der ein først vitja den kjende Kolåstinden (1432), Nordre Sætretind (1365), Sylvkallen (1310), Nonshornet (1305) og Heimste Nøvedalshornet (1159).

Dette er ein lang og avansert tur for vidarekomne, men å kombinere berre dei to eller tre første og mest kjende toppane kan vere eit vel så artig prosjekt som ikkje er like krevjande. 

Turen er bratt og kan vere skredutsatt. Denne dagen var forholda ideelle, og med fast underlag med litt styresnø opp på fungerer racingutstyr like bra oppover som nedover.

Tidsforbruk: 9 timar og 35 minutt

Distanse: 33,8 km

Høgdemeter: 3753 meter

 

Post 2-7Post 2-7 April, fin tid for vårskiturar. Her nyt store delar av SSKSL - Søre Sunnmøre Klatre- og Sporleggarlag utsikta frå Maudekollen på Urke.

Post 2-9Post 2-9 Fjellfotografen med sein kveldstur på Saudehornet i Juni.

Post 2-12Post 2-12

Vegard Otterdal Nilsen og Fjellfotografen med ein pust i bakken etter ei god økt opp Stokkehornet i Bondalen i juni.

 

Post 2-14Post 2-14 Tove Hoggen og Leif Hoggen klar for feiring av Leif sin 90-års dag - på toppen av Norge, Galdhøpiggen 2469 moh.

Post 2-15Post 2-15 Leif med målet i sikte.

Post 2-16Post 2-16 Tove Hoggen og Olav Viddal gliser på Holtanna. Magisk ettermiddag i Molladalen!

Post 2-17Post 2-17 Olav Viddal nyt morgonsola på Miendalstind kl.05.34 8.juli. Vi starta frå Sæbø kvelden før og overnatta på Dalegubben før vi starta turen utover med Holmshornet som endestasjon. Trandal Blues over fjorden heldt oss med selskap utover natta. Eit nøye planlagt motiv som viser at ein får lønn for litt strev.

Post 2-18Post 2-18 Tove Hoggen nyt sola i det ho går ned i skoddehavet på Jønshornet. Vi skriv august, og ferien starta med overnatting på toppen.

Post 2-20Post 2-20 Tove på Store Austabotntind i Hurrungane, for eit vær og for ein tur! Post 2-19Post 2-19 Seinsommar på heimlege trakter. Skinnviksetra i Austefjorden.

Post 2-21Post 2-21 Ferien er snart over. Olav Viddal med ein "7-minuttar" på Blåfjellet på Folkestad.

Post 2-25Post 2-25 Tidleg haust på Molnes. To ørner synest fotografen vart vel nærgåande.

Post 2-24Post 2-24 Skårasalen leverer alltid tidleg skiføre år etter år. Heller ikkje 2018 var eit unntak. Sjølv om været var grått fekk vertfall underteikna og Olav Viddal teke i bruk skia 24.september. 

 

Post 2-27Post 2-27 Sporleggarlaget veit å finne gode forhold sjølv når snømengda er liten. Her går turen til Risenosa på Viddal. Med Monica, Christer, Jarle, Vegard H., Karl Steffen og Olav.

 

Post 2-28Post 2-28 Christer og Olav med ein passiar mot toppen.

 

Post 2-29Post 2-29 Saudehornet baud også på flotte forhold i oktober. Olav Viddal skimtar toppvarden medan Ørsta badar i skyggeland.

 

Post 2-32Post 2-32 November kanskje ikkje slik ein skulle håpe, snøfattig med med mykje godt vær! Vegard Nilsen ute på løpetur.

Post 2-33Post 2-33 Og med det vender Fjellfotografen 2018 ryggen og ser framover til nye turar og eventyr i 2019. Takk for alle som har vore med på å bidra til gode minner! 

 

PS. Orsak for noko enkel "blogging", det er trass alt andre innlegget mitt:-)

 

- Fjellfotografen -

 

]]>
(Håvard Myklebust) 7Blåner Devold Dynafit Fjord Salomon Sunnmøre VPG https://www.havardmyklebust.com/blog/2018/12/godt-nytt-tur-r Mon, 31 Dec 2018 14:54:57 GMT
Heimeside snart oppe å går! https://www.havardmyklebust.com/blog/2018/12/tur-til-auskjeret-sykklyven Første blogginnlegg...

Ut av skogenPå veg opp skogen er det triveleg terreng.

]]>
(Håvard Myklebust) Gefle Karsten Playground Stranda Strandafjellet Vertical https://www.havardmyklebust.com/blog/2018/12/tur-til-auskjeret-sykklyven Sun, 16 Dec 2018 14:56:01 GMT