Godt nytt (tur)år!

December 31, 2018  •  1 Comment

Då er vi på tampen av 2018 og Fjellfotografen ser tilbake på mange flotte turar og minner frå 2018. Dette mykje takka vere gode venar som har vore med på å gjort turen til noko meir. Eg let bilda tale for seg. 


Post 2-4Strålande forhold på Strandafjellet Skisenter med Olav Viddal og Karsten Gefle.Strålande forhold på Strandafjellet Skisenter med Olav Viddal og Karsten Gefle. Strålande forhold på Strandafjellet Skisenter med Olav Viddal og Karsten Gefle.
 

Post 2-5Post 2-5                                                          Frå ein kjapp solotur til Kolåstinden i februar på raskt utstyr for å rekke solnedgongen.

Post 2-6Post 2-6 I mars var underteikna, Sindre Rudi og Stig Helset på ein såkalla rask topptur på Sunnmøre. 

Målet var ein rundtur i fjella kring Standalseidet i Ørsta kommune, der ein først vitja den kjende Kolåstinden (1432), Nordre Sætretind (1365), Sylvkallen (1310), Nonshornet (1305) og Heimste Nøvedalshornet (1159).

Dette er ein lang og avansert tur for vidarekomne, men å kombinere berre dei to eller tre første og mest kjende toppane kan vere eit vel så artig prosjekt som ikkje er like krevjande. 

Turen er bratt og kan vere skredutsatt. Denne dagen var forholda ideelle, og med fast underlag med litt styresnø opp på fungerer racingutstyr like bra oppover som nedover.

Tidsforbruk: 9 timar og 35 minutt

Distanse: 33,8 km

Høgdemeter: 3753 meter

 

Post 2-7Post 2-7 April, fin tid for vårskiturar. Her nyt store delar av SSKSL - Søre Sunnmøre Klatre- og Sporleggarlag utsikta frå Maudekollen på Urke.

Post 2-9Post 2-9 Fjellfotografen med sein kveldstur på Saudehornet i Juni.

Post 2-12Post 2-12

Vegard Otterdal Nilsen og Fjellfotografen med ein pust i bakken etter ei god økt opp Stokkehornet i Bondalen i juni.

 

Post 2-14Post 2-14 Tove Hoggen og Leif Hoggen klar for feiring av Leif sin 90-års dag - på toppen av Norge, Galdhøpiggen 2469 moh.

Post 2-15Post 2-15 Leif med målet i sikte.

Post 2-16Post 2-16 Tove Hoggen og Olav Viddal gliser på Holtanna. Magisk ettermiddag i Molladalen!

Post 2-17Post 2-17 Olav Viddal nyt morgonsola på Miendalstind kl.05.34 8.juli. Vi starta frå Sæbø kvelden før og overnatta på Dalegubben før vi starta turen utover med Holmshornet som endestasjon. Trandal Blues over fjorden heldt oss med selskap utover natta. Eit nøye planlagt motiv som viser at ein får lønn for litt strev.

Post 2-18Post 2-18 Tove Hoggen nyt sola i det ho går ned i skoddehavet på Jønshornet. Vi skriv august, og ferien starta med overnatting på toppen.

Post 2-20Post 2-20 Tove på Store Austabotntind i Hurrungane, for eit vær og for ein tur! Post 2-19Post 2-19 Seinsommar på heimlege trakter. Skinnviksetra i Austefjorden.

Post 2-21Post 2-21 Ferien er snart over. Olav Viddal med ein "7-minuttar" på Blåfjellet på Folkestad.

Post 2-25Post 2-25 Tidleg haust på Molnes. To ørner synest fotografen vart vel nærgåande.

Post 2-24Post 2-24 Skårasalen leverer alltid tidleg skiføre år etter år. Heller ikkje 2018 var eit unntak. Sjølv om været var grått fekk vertfall underteikna og Olav Viddal teke i bruk skia 24.september. 

 

Post 2-27Post 2-27 Sporleggarlaget veit å finne gode forhold sjølv når snømengda er liten. Her går turen til Risenosa på Viddal. Med Monica, Christer, Jarle, Vegard H., Karl Steffen og Olav.

 

Post 2-28Post 2-28 Christer og Olav med ein passiar mot toppen.

 

Post 2-29Post 2-29 Saudehornet baud også på flotte forhold i oktober. Olav Viddal skimtar toppvarden medan Ørsta badar i skyggeland.

 

Post 2-32Post 2-32 November kanskje ikkje slik ein skulle håpe, snøfattig med med mykje godt vær! Vegard Nilsen ute på løpetur.

Post 2-33Post 2-33 Og med det vender Fjellfotografen 2018 ryggen og ser framover til nye turar og eventyr i 2019. Takk for alle som har vore med på å bidra til gode minner! 

 

PS. Orsak for noko enkel "blogging", det er trass alt andre innlegget mitt:-)

 

- Fjellfotografen -

 


Comments

Hunds(non-registered)
Takk for turane Håvard!
No comments posted.
Loading...

Archive
January February March April May June July August September October November December (2)
January (1) February (1) March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December