Startar det nye året med eit aldri så lite turtips for januar. Turen som er utvalgt er Sunndalsnipa som ruvar over Sunndalen når du køyrer innover mot Austefjorden frå Volda. Turskildringa og nokre av bilda finn du att i turboka Toppturar i Sunnmørsalpane som underteikna har vore med å laga. Her får du enno fleire bilete som kanskje kan vere med å lokke deg avgårde nettopp på denne flotte turen tidleg på vinteren når sola står lågt på himmelen.
Legg gjerne igjen ein kommentar dersom du ønsker fleire turtips i tida framover:)
Toppturar i Sunnmørsalpane, s.214:
4.1 Sunndalsnipa (1396 moh.)
Frå Grøndalen
Fjellet byr på ein nokså lang, men slakk skitur i skredtrygt terreng. Nedkøyringa går i kuppert og flott terreng, med avslutning i open lauvskog. Eit godt alternativ tidleg på vinteren.
Tid: 3 timar.
Lengd: 5 km.
Stigning: 1000 meter.
Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Farar: Orienteringsvanskar langs toppryggen ved skodde eller snødrev. Skredfaren er liten om du følgjer den nedanfor skildra ruta opp og ned.
Vegval: Følg E39 frå Volda langs Austefjorden og vidare inn til Kalvatn. Ta her høgre mot Osdalen og vidare opp den heilårsopne vegen opp bakkane til Grøndalssætra. Gå no nordover i open lauvskog til Lisjevassdalen og følg deretter søraustryggen heile vegen til toppplatået, som strekkjer seg endå ein kilometer nordover mot toppvarden. Hald deg heile vegen nær midten av platået, slik at du ikkje hamnar utfor dei bratte veggene i vest og aust!
Nedkøyring: Følg same veg nedatt i slakt og etter kvart kuppert terreng. Dette gir fin-fin krusing, både i puddersnø tidleg på vinteren og i kornsnø utpå vårparten.
Ruta opp frå Grøndalen.
Ein strålande januarformiddag.
Vegard Hundsnes, Espen Aam og Olav Vartdal Viddal på veg ut av skogen. Grøndalsvatnet bak.
Telemark - Ein døyande sport?
Silkeforhold...
Ruta følger søraustryggen til høgre. Returen følger same vegen ned eller ei meir direkte mot dalen. Ein solrik tur.
På veg oppover sørausryggen ser ein mot den skyggelagde Skjåstaddalen. Risenosa tronar over den, Storhornet 1600 moh er den høge avrunda kulen.
Nesten oppe på flata.
Av omsyn til lysforholda og andre ærend droppa vi turen til varden bortetter den halvannen kilometerlange toppflata.
Olav Vartdal Viddal i elegant telemarkstil ned sørsida. Fjellet Hattemakaren til venstre i bildet.
Telemarkleik ned frå Sunndalsnipa.
Skogen byr også opp til leikent skiterreng. Det kan vere vel så fint å ta turen hit ein dag snøen lavar ned og sikta er låg.
Creme de la creme?
Ønsker du å sjå bilder frå ein anna tur? Legg igjen ein kommentar under då vel? :)
- Fjellfotografen -