Turtips - Februar

February 03, 2019  •  Leave a Comment

- Rotsethornet i morgon?

- Rotsethornet? På ski?! Kva er greia? 

- Kortreist morro, sol og bratt skogskøyring. Høyrast vel greit ut det inn i mellom andre plikter?

- I'm in!

Vi har akkurat runda januar og februar starta godt; kaldt, god snø og fine meldingar. Sola står høgre allereie og ein kan kjenne ho byrjar å varme. Etter nokre varierande dagar med snøfall og trassig vind slo laurdag 3.februar til med sol frå blå himmel etter ei forbigåande snøbyge på morgonkvisten.

Eg melda eit par karar kvelden før og planen var ein heller uvanleg skitur til Volda sitt mest elska og forhatte fjell - Rotsethornet. Med sine 649 moh og Hufsa-liknande fasong er det verken særleg høgt eller blikkfengjande blant meir kjende majestetar i nabolaget på Sunnmøre. Likevel er det på sommaren eit av dei mest vitja fjella i området av dei lokale, då som oftast via Kalsethola og opp den stupbratte bjørkaskogen via Aksla.

Ein anna kompis skal ha æra for å ha sjekka ut forholda dagen i forvegen, og forsikra meg om at dette ikkje kunne bli ein bomtur. Vi følgde ein skogsveg frå Nymarka inst i Vassbotn via ei anna sommarrute til fjellet i Lisjedalen og over Instehornet. 

Om turen let seg kvalifisere til å hamne innanfor permane til skiboka "Toppturar i Sunnmørsalpane 2" gjenstår å sjå, men turfølget var vertfall samde om at turen både overraska og gav valuta for sveittedropane.

Så om du har lyst på ein tur litt utenom det vanlege, er lei av å gå i kø på Melshornet, men samtidig ønsker artig skiterreng og god utsikt - ja då er Rotsethornet kanskje verdt eit forsøk?

 

Rotsethornet (649 moh.)

Frå Rotevatnet

Artig kuriositet som er heller uvanleg å vitje på vinterstid. Nedkøyringa går i kuppert og til tider flott terreng, men har ei avslutning i bratt bjørk- og granskog som krev at ein meistrar skiutstyret sitt. Eit godt alternativ dersom du ønsker ein tur litt utenom det vanlege.

Tid: 2-3 timar.            

Lengd: 4 km.

Stigning: 650 meter.

Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Orienteringsvanskar på toppen ved skodde eller snødrev. Eit kort parti med bratt skog. Skredfaren er liten om du følgjer den nedanfor skildra ruta opp og ned.

Vegval: Ta av frå rundkjøringa i Volda retning Vikebygda og ta av ved skilt Vassbotn/Golfbane. Følg vegen til endes, parker med omhu (gang/sykkelsti rundt Rotevatnet passerer her). Følg no vegen som går rundt vatnet og ta av opp ein skogsveg i retning Litledalen og følg deretter skilta til sommarruta som går oppover søraustryggen heile vegen til toppplatået, som strekkjer seg endå ein kort kilometer nordover over Instehornet mot toppvarden. 

Nedkøyring: Følg same veg nedatt i slakt og etter kvart kuppert terreng. Dette gir fin-fin krusing, både i puddersnø tidleg på vinteren og i kornsnø utpå vårparten. Eit bratt parti i skogen kan by på utfordringar ved hard snø. Det kan vere freistande å ta av tidlegare ned på veg tilbake, men dette kan ikkje tilrådast då skogen endar i bratte hamrar og stup.

 

Rotsethornet-3Rotsethornet-3

Rotsethornet-7Rotsethornet-7

Rotsethornet-14Rotsethornet-14

Rotsethornet-20Rotsethornet-20

Rotsethornet-24Rotsethornet-24 Rotsethornet-30Rotsethornet-30

Rotsethornet-32Rotsethornet-32 Rotsethornet-40Rotsethornet-40 Rotsethornet-38Rotsethornet-38

Sjå fleire bilder frå turen her: Skibilder

God tur!

-Fjellfotografen-

 


Comments

No comments posted.
Loading...

Archive
January February March April May June July August September October November December (2)
January (1) February (1) March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December